Appell fra årets Dansens Dager-ambassadør Silje Onstad Hålien

Under åpningen av Dansens Dager fredag 25. april på Operataket i Oslo holdt ambassadør Silje Onstad Hålien en appell. Denne appellen deler vi i dag for å markere den Internasjonale Dansens Dag 29. april. Gratulerer med dagen!

Dette er så stas! Aldri før har vel over 350 dansa halling på Operataket – og enda fleire over heile Noreg. Eg gjettar verdensrekord!

Dansens Dager i år har folkedans som fokus, dansen som har lange røter bakover, og som seier noko om vår utruleg rike kulturhistorie og arv. Gjennom alle tider har folk utforska kva kroppen er i stand til å gjere og korleis vi kan møtast gjennom bevegelse. Dansen har markert store overgangar, og vore viktig i feiring og seremoniar. Gjennom tida har den utvikla seg, den har vorte overført frå generasjon til generasjon, og det er ein grunn til at den har overlevd - den må ha berika liva til folk og tilført noko meiningsfullt som var verdt å gje vidare.

Den levande folkedansen finst ikkje på museum, men i kroppane til folk som dansar den, den blir utvikla i takt med samfunnet og kan relatere til samtida. Og akkurat no finst den levande folkedansen i alle dei kroppane som danser Dansens Dager-dansen i år!

Eg er så himla glad for å kunne dele vidare denne sjangeren. For å kunne dele med heile landets danseglade folk den suggererande følelsen det er å kaste seg inn i ein halling, det fantastiske fellesskapet i å danse sammen, og den vanvittige kontakten som kan finnast i møte mellom dansen og musikken. Takk for at de kastar dykk inn i det med heile sjela, takk til alle som har lært seg dansen på video, i krikar og krokar av landet, takk til alle som har lytta låta ihjel på spotify – alt går inn i eit stort fellesskap og det heile kuliminerar i feiringa i dag og dei neste dagane!

Vi dansar i ring! Ringen symboliserar så utruleg sterkt det vi aldri må gløyme. Vi er sammen, vi er deler av eit fellesskap, vi har valgt dansen, eller kanskje har dansen valgt oss, og i den finn vi rom til å uttrykke oss. Ringen er ei samling av ulike folk, men vi møtes og vi slår ring om kjernekvalitetane dansen bør og skal representere – friheit, toleranse, åpenheit og inkludering.

Både musikken og dansen har muligheita til å kommunisere direkte på eit kroppsleg nivå, det ordlause språket. Vi treng ikkje forstå dans med ord og analyse, vi kan oppleve, vi kan bli rive med, vi kan få gåsehud og frie assosiasjonar. Dansen kan provosere, seta lys på det som er ubehageleg, den kan i sin beste form flytte oss litt, det er jo det vi håpar, at vi er med og påverkar dei som opplever det, slik at vi kanskje går ut frå ein danseopplevelse litt forandra frå då vi kom inn.

F.V: Norsk folkemuseums folkedansegruppe, Subsdans CREW. Begge foto: Sigrun Drivdal Johnsen/Danseinformasjonen

Ei superkraft i folkedansen er individualitet i det kollektive. Og det er derfor eg føler meg så heime i denne dansen. Du kan tilpasse dansen din eigen personlegheit, og finne ein dans som er berre din, men det vil alltid handle om møtepunkt. Møtepunkt med musikken, musikaren, med andre samdansarar, møte med rommet og møte med eit eventuelt publikum. For meg har dansen støtt vore eit enormt frirom, der eg kan vere fullt og heilt meg sjølv. Eg brukar dansen for å koble meg på meg sjølv, men også koble meg sterkt på dei rundt meg.

Og er det noko vi treng her i denne tida vi lever i, så er det påkobling. Vi har så ufatteleg mange distraksjonar, vi er fanga av skjerm og digitalisering, vi er einsame og vi kan miste trua av det urolege verdensbildet som slår inn som vonde bølgjer kvar einaste dag. Kva kan vi møte dette med?

Eg kan ikkje seie at dans skal redde verda, men om det er noko som får meg til å kjenne på djup meining og tilhørigheit, så er det å møtast i dans.

Vi feirar dans, vi feirar bevegelse, det motsatte av stillstand.

Gratulerer med dagen!

Alle foto: Fra åpninga 25. april 2025 på Operataket. Sigrun Drivdal Johnsen / Danseinformasjonen

Previous
Previous

TUSEN TAKK FOR I ÅR!

Next
Next

RØTTER OG SAMTID – Intervju med Dansens Dager-ambassadør Silje Onstad Hålien